Påska 2017

Mysubytta mot Surtbyttdalen 29. mars 2017
Mysubytta mot Surtbyttdalen 29. mars 2017

Vi er nå godt igang med vintersesongen og dei førtse gruppene har gått vidare til Nørstedalseter. Her finn du informasjon om aktivitetar, servering og føreforhald i området rundt Sota. 

Turleierar frå Barnas Turlag kjem til Sota skjærtorsdag 12. april og vil sørgje for ulike aktivitetar for dei minste fram til 1. påskedag. Langfredag kjem reinen Iver på besøk. Her kan alle som vil få helse på han. For den som vil blir det moglegheit for ein liten kjøretur i nærområdet på Sota. 

For dei litt større kan vi by på skiføre og turar som passer for alle. Langrennsløypa inn til Mysubytta er eit godt alternativ for dei som ynskjer ein litt lettare tur. Over tregrensa er det turar for dei som har litt større ambisjonar.

Det har vore mildt dei siste vekane, så det har minka mykje på snøen heilt nede ved tunet, men slik det ser ut no blir det skiføre frå døra også i påska. Per i dag 2. april, er det omtrent ein halvmeter ved parkering, aukande inn i skogen og omtrent ein meter oppe ved Mysubytta. Vermeldinga dei neste 3 dagane viser kuldegrader om natta og snø. Høgare oppe melder løypestikkarane om normalt med snø inn Tverrådalen og mot Fortundalsbreen. Vestover er det meir snø enn normalt. For ferske føreoppdateringar og bilete, følg oss på facebooksida Sota Sæter DNT. For svoltne gjester eller dagsbesøk byr vi på sotaburger, ferske kanelsnurrar og heimelaga mørlefser heile påska. Vi har og godt utvalg av lokal lokal drikke for dei som ynskjer det. Velkomen til Sota!

Gjestane kosar seg i solveggen. På toppane bles det storm i kasta denne dagen.
Gjestane kosar seg i solveggen. På toppane bles det storm i kasta denne dagen.