VELKOMEN TIL SOTA SÆTER
Vintersesong frå 16. mars- 2.april

Sota Sæter ligg vakkert til ved innfallsporten til Breheimen nasjonalpark. Den over hundre år gamle sætra, beståande av 10 bygningar på eit flott tun, har eit spesielt miljø prega av lunheit og varme. Sota Sæter er ein flott stad å vere i fleire dagar. Her byr me på gode mattradisjonar og natur- og kulturstier for born og vaksne. Det er mange flotte dagsturmål og moglegheiter for flotte toppturar og då spesielt stoltheiten vår: Tverrådalskyrkja 2088 moh.

Instagram: #sotasæter