Om sota sæter

Denne hytta har ein spesiell plass blant mange. Den over 100 år gamle setra, beståande av ti bygningar på eit flott tun, har eit spesielt miljø prega av lunheit og varme. Sota Sæter er ein flott stad å vere i fleire dagar. Her byr me på gode mattradisjonar, natur- og kulturstigar for born og vaksne. 

Regnbue,
Regnbue, Foto: DNT

Sota Sæter har 86 senger, fordelt på 1-, 2-, 4- og 6- sengsrom samt sovesal. Setra består av i alt 10 hus på eit tun.

Hugs å ha med gyldig medlemskort!

På hytta fins det naturfaglege bøker, borne- og ungdomsbøker og spel. Det fins også noko enkelt utstyr for uteaktivitetar som ballar, bocca og kubb. I tillegg er det 2 permanente naturstigar, 10 syklar + 1 sykkelvogn, fiskestenger og kanoar med vestar. Eit stort turkart som viser turmoglegheiter ved hytta.

Tilrettelegging for funksjonshemma: 

Hytta er ikkje tilrettelagt, men det er bilveg heilt fram.

For å bestille rom:       

Det går fint å førehandsbestille plass på Sota Sæter, men du kan også bare kome, for på DNT sine  hytter er det alltid plass. Ynskjer du å bu i tre netter eller meir er også sengetøy inkludert i prisen.
Ta kontakt på:
sotaseter@turistforeningen.no eller ring hytta tlf: 478 15 977

- Ankomstdag
-  Avreisedag
- Antal personar born,voksne
- Namnet på den som bestiller og telefon

Me tek kun imot bestilling på opphald med frukost og middag.

Selskap eller arrangement?

Konakt oss gjerne for arrangement og lag!

Skuleklassar

Kontakt oss gjerne for det.

Velkomen til Sota!