Guiding i sommar

Mot Handspikjen.
Mot Handspikjen. Foto: Stina Johansson

I sommar vil Bergtatt Naturguiding tilby guiding på Sota! Topptur til Tverrådalskyrkja, kanopadling på Røykjeskålsvatnet og overnatting i det fri er noko av det som står på programmet til guide Stina Johansson. 

Frå 5.-26. juli tek guide Stina Johansson i Bergtatt Naturguiding deg med på tur i Breheimen. Stina skreddersyr gjerne turar etter kunden sitt ønskje. Det er ingen fastsette datoar, turane gjennomførast på bestilling. Kontakt bergtattnaturguiding@gmail.com for bestilling av tur, eller ring tlf.  41067803.