Sankthansfeiring på Sota 24. juni

Sota mai 2017.
Sota mai 2017. Foto: Birgit Jonsdotter Løyland

Laurdag 24. juni inviterar me til Sankthansfeiring på Sota. Det vert grilling, bål og fjellquiz.  Me sel lokale pølser med heimelaga pølsebrød og mjukbrød med mykje godt tilbehøyr. 

I samband med Sankthans og "Sommeråpning av fjellet" vil me invitere til feiring på Sota laurdag 24. juni kl. 1.30. Det vert eit uformelt program med grilling og fjellquiz. Me fyrer opp grillen og sel lokale pølser servert med heimelaga pølsebrød og mjukbrød, samt tilbehøyr. Dersom veret ikkje er med oss et me inne.  Alle er hjarteleg velkomne!