Sommaropning 2018- DNT 150 år

Frå sommaropning 2017.
Frå sommaropning 2017. Foto: Birgit Jonsdotter Løyland

Laurdag 30. juni feirar me at sommarsesongen er i gong!

I samband med DNT sitt 150-årsjubileum tilbyr DNT gratis overnatting for medlem frå 30. juni til 1. juli. Me  feirar med lokalmat-buffet, historie-quiz og utkledningskonkurranse! DNT oppmodar alle gjester om å stille i sitt finaste retro-turantrekk i høve 150-årsjubileet. Beste antrekk vert premiert!


PROGRAM laurdag 30. juni:


Gratis overnatting for medlem 30. juni- 01. juli. Medlemsskap kan teknast på hytta. (Mat kjem utanom.)


Kl. 19.00: Lokalmatbuffet. Opent for både overnattingsgjester og andre! Rømmegraut, lokal grillmat med mykje godt tilbehøyr og stuttreist rabarbradessert på menyen.


Kl. 21.00: QUIZ! Fjellquiz. Premie til beste lag og beste retro-turantrekk.


Pris for lokalmatbuffet: 328,- for vaksne/ 164,- for born opptil 12 år.


-For bestilling av opphald: Send ein epost til sotaseter@turistforeningen.no

-For gjester som ynskjer middag og ikkje overnattar: Send ein epost til sotaseter@turistforening.no eller ring tlf. 47815977


Velkomne til Sota for ein triveleg kveld! 


PS. Laurdag 28. juli (Olsok-kvelden) feirar alle DNT-hyttene DNT sitt 150-årsjubileum. Meir informasjon kjem om dette.