Reinen Iver kjem til Sota

Reinen Iver påska 2017.
Reinen Iver påska 2017. Foto: Ove Nestvold

Langfredag 30. mars kl. 14. kjem reinsgjetarane Jørn og Ola med reinen Iver til Sota! Mange kjenner dei frå NRK-programmet "Gjetar i Jotunheimen" som har gått på fjernsyn i vinter.

 Det vert eit uformelt program der borna kan ta seg ein køyretur med Iver på tunet. Om ein vil prøve kastearmen kan ein prøve lassokasting. Det vert moglegheit for å kjøpe seg mat og drikke inne på hytta. 

Me håpar mange tek turen til Sota denne dagen!

Sota påska 2017.
Sota påska 2017. Foto: Ove Nestvold